Om Kårdal og Mjølfjell


 

Hei, velkommen til fjells og oss på Kårdal Fjellstove. Me held til på Mjølfjell, ein times køyretur frå Voss sentrum og ca to timer frå Bergen. Fjellstova vart bygd i 1934, ligg 638 moh og har i ei årrekke vært brukt av skuler, leirskuler, barnehager og den turglade.Me lager også skreddersydde arrangement til blant anna bryllup, konfirmasjon, åremålsfeiring og liknande. Kårdal Fjellstove ligg sentralt plassert langs Bergensbanen og Rallarvegen. Området rundt Kårdal fjellstove byr på eit mangfald av turmoglegheiter. Fjellstova ligg sentralt i rutenettverket i området og som eit godt suplement til hyttenettverket Kaldavasshytta, Vesethytta, Grindaflethytta. Med sin plassering er det eit flott utgangspunkt for turar i eit turområde med flotte turmål heile året.Fjellstova har 50 sengeplassar. Her er 12 rom med 2 - 6 senger og eigne bad. Det må bestillast rom på førehand. Anlegget er betjent stort sett heile året og tilbyr overnatting, servering av måltider, opphaldsrom og dagligvare butikk. Ein kan nå Kårdal Fjellstove med bil og tog heile året og med bil kan ein køyre heilt fram til døra. Her finn du oss på Google Maps.Kårdal Fjellstove blei ein del av nettverket til Den Norske Turistforening frå 5. juni 2018.Fjellstova har også alle skjenkeretter, kortbetaling og Vipps.

Flyfoto 2019
Flyfoto 2019
Annekset
Annekset
Spisesal utsikt
Spisesal utsikt