Historien om Kårdal
Kårdalslekta har lange røter på Mjølfjell.
Oldeforeldra til Gudrun, Nils og Kari Kårdal kjøpte det eine bruket i Kleivane i 1921 og kom dermed tilbake til garden der mor til Nils, Brita vaks opp. Brita vart gift med Gjert Gjertson Eggereide, for oss kjendt som Gjert Kårdal, mannen med sine snømålingsturar mellom Kårdal i Flåmsdalen og Haugastøl har mykje av æra for at Bergensbanen går der den går.
Då jernbanen vart åpna i 1909 vart det starten på byfolks moglegjeiter til å koma til fjells. Nils og Kari tok tidleg til å leiga utrom i huset sitt i Kleivane, både til påskegjester og om sumaren.
Mjølfjell Hotell vart etablert alt i 1921 og da frk. Tharaldsen tok over i 1930 fekk Ivar, bestefar til Gudrun, Ivar Kårdal, arbeid som hotelldreng der.
Dette ga nok snart lyst til å starta noko sjøl og i 1934 fekk han skøyte på tomta midt mellom hotellet og Kleivane. Saman med bror sin satte han opp den eldste delen av den noverande fjellstova og tok i mot dei første påskegjestane i 1935, da med ei eldre syster på kjøkkenet.
Randi og Ivar hadde treft kvarandre på hotellet og dei gifta seg i 1939. Fra då av dreiv dei pensjonatet saman og med god hjelp frå borna.
Gjestebøkene fram til 1989 viser ei god blanding av norske og utenlandske gjester. Særlig frå slutten av 60-tallet dominerte skituristar frå England, etterkvart også natosoldater på vinterøving. Men i påsken og sumaren kom bergensarane og i gjestebøkene finn vi mange navn vi no kjenner hytteeigarar.
Nils og Guri, foreldrene til Gudrun, tok meir og meir over ansvaret og vart eit sentralt midtpunkt i livet på Mjølfjell. Nils døydde brått i 1997 og frå da av har Gudrun lenge saman med Guri, vore den drivande krafta i utviklingen av det som no framstår som eit moderne turistanlegg.
Skrevet av Kirsten Kårdal
I 2000 overtok Gudrun og Henning sammen med søskene til Gudrun, Kristine og Nils-Ivar, eiendommen og drifta og organiserte dette som et aksjeselskap, Kaardal AS.
En del av bygningen ble da rehabilitert, blant annet med 12 nye hotellrom. Drifta var sesongbasert og det var stort sett skoler og barnehager i tillegg til påskegjester som var grunnlaget for drifta.
I 2016 overtok Gudrun og Henning firmaet, Kaardal AS, på samme tid fikk vi omregulert området slik at vi kunne selge en del hyttetomter og dermed kunne starte planlegging av videre opprustning av eiendommen.
Gamle hus treng litt (mye) omsorg, derfor bestemte vi oss i 2020 for å bygge på med ny og større spisesal, skifte tak og gjøre en del moderniseringer. I samme periode avviklet butikken nede på Mjølfjell drifta, her var det ingen som ønsket å overta og vi var uten butikk på Mjølfjell. Da ble det litt endringer i planene og vi bygde på litt mer, og fikk plass til ny butikk. Denne åpnet i februar 2022 i mai samme år fikk vi og åpnet den nye spisesalen.Skriv inn tekst her